Då er tida kome for å takke alle dugnadsdeltakarane som gjorde sparebanken vest cup til ein vel gjennomført cup i år og!
I år var det med lag frå Bulken, Viljar på Voss, Samnager, Osterøy, Dale, Stanghelle og Vaksdal.
Me takker alle som so velvillig og innsatsfullt stilte opp slik at dette vart ein flott gjennomført cup. Utan deko hadde dette arrangementet vore umulig å gjennomføre. Me vil og takke spelarar, foreldre, trenarar, lagleiarar, dommarar og alle andre som møtte fram og gjorde dette til ein fin dag!
Me gler oss alt til neste år!
Med sportslig hilsen
Vaksdal IL/Fotballgruppa