Det er foreldra / føresette til spelarane som på skift har ansvar for kafédrift under kampar.
Vaktliste våren 2017:
Veke 16: A-laget
Veke 17: J 10
Veke 18: G 11
Veke 19: J 17
Veke 20: G 16
Veke 21: G 10
Veke 22: J 9
Veke 23: J 13
Veke 24: G 09
Veke 25: G 12
Kafedrifta inkluderer følgjande oppgåver:
Før/under kamp:
- Trakt kaffi og lag klar saft.
- Sjekk at det er brus i kjøleskapet, fyll eventuelt på. Påfyll kan hentast på lagerrom i klubbhuset. Trenar har nøkkel.
- Hent eventuelt is frå fryseboks på lagerrom.
- Set fram chips og syltetøy.
- Lag vaffelrøre og steikje vafler. Bruk smør, ikkje steikefett.
- Sel mykje!
Etter kamp:
- Vask opp.
- Skyll termokanner og kaffikanner.
- Reingjer vaffeljern.
- Tørk av diskar.
- Ta ut bosset, hugs å setja i nye bossposar. Tøm bosskorger ved fotballbana.
- Tel opp kasse, før på skjema for kiosksal og legg oppgjeret i pengepose. Lat det vera kr 300 att i kasse til vekslepengar.
- Dommarar kan eventuelt betalast kontant med kr 150. Hugs å føre dette opp.