Om VIL

Vaksdal Idrettslag vart oppretta i 1925. Idrettslagets formål er å driva idrett organisert i Norgegs idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF).

Arbeidet skal vera prega av frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggjast på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærligdom. Alle som aksepterer idrettslagets og overordna idrettsmyndigheiters lover og avgjerdsler kan bli tatt opp som medlem.

Lagets øverste organ er årsmøtet. Laget har eit hovudstyre, og for tida tre undergrupper med eige styre:

  • Fotballgruppa
  • Trimgruppa
  • Turgruppa

Annan aktivitet, som tennis og handball, vert organisert under hovudstyret.

Laget er lokalisert på Vaksdal, og Vaksdal Idrettspark rommar kubbhus, fotballbaner og tennisbane.