Den nye asfaltbana er no åpen for bruk. Det er eit problem med nettet som gjer at dei lause nettstolpane (singelstolpane) foreløpig må stå der heile tida. Som i praksis betyr at det berre er singelspel foreløpig. Me skal prøva å få løyst dette nettproblemet så snart som mogeleg.
Hvis nokon vil spela dobbel, kan dei fjerna singelstolpane (og setta dei på plass etterpå), men vær obs på at nettet då vil synka lavare enn det skal væra. Singelstolpane skal stå ca. 90 cm inn frå singellinja i retning dei fastmonterte, tjukke dobbelstolpane.
Bana står fritt for alle Vaksdal IL-medlemmer å bruka gratis. Hvis du ser (eller satser på) at den er ledig, er det berre å bruka den. Men me gir fortrinnsrett/førsterett til dei som reserverer den. Så hvis noken kjem der og har reservert på forhånd, og du ikkje har det, må du dessverre vika.
For å reservere bana må du logga deg inn på mail.google.com
Brukarnamn: viltennis
Passord: viltennis012
Gå deretter på kalender (til høgre under kontonavnet). Klikk og dra (mens du heldt inne museknappen) i kalenderen for å reservera tidspunkt. Du kan reservera bana i opptil to (2) timar om gongen.
Ikkje-medlemmar betaler ei årsavgift på kr 300 til kontonr. 3500.07.03026. Merk innbetalinga med namn og type kontingent (tennis).
Spørsmål? Kontakt Trygve Thom: tlf. 93 83 77 57 eller på Messenger.
Tennisracket
Her finn du info om kva du bør tenke på når du skal velje racket: http://racketspesialisten.no/getpage.asp?do=15
Her finn du info om kor stort grepet på racketen bør vere: http://racketspesialisten.no/no/info/velg-riktig-grepstorrelse/
Ballar
Hugs at ballane taper seg (mister sprett) over tid. Det løner seg difor å kjøpe nye med jamne mellomrom. Bruk skjøn.
Eksempel på ballar med middels sprett (som passar til dei aller fleste): Babolat Roland Garros Clay Court
Eksempel på ballar med mykje sprett (som passar til viderekomne): Technifibre X-One
Me driv og testar rimeligare og lettare tilgjengelige ballar og skal komma tilbake med meir info.
Her kan du kjøpe racketar og ballar
https://www.xxl.no/search?q=tennis
… og mange andre stader sjølsagt.