Frå dristige skihopp til lasteplass for sild

Bygda Vaksdal har ei rik historie og mange kulturminne, og ein infrastruktur der både bil-, tog- og båttrafikk er vesentlege innslag. Med støtte frå Hordaland Fylkeskommune og Vaksdal kommune er det utvikla ein kulturminnesti, «Vaksdalsvegar», med informasjonstavler som omhandlar tema som landskap og vegetasjon, transport, næring, landbruk, idrett og vasskraft. Innhaldet er produsert i samarbeid med Vaksdal skule, og illustrasjonane er laga av elevane i 1.-7. klasse skuleåret 2017/18. Oversiktsskilt står i senterparken i Vaksdal sentrum, og sju skilt er plasserte ut rundt om i bygda. På nettsida her legg me ut tilleggsinformasjon og supplerande historiar og illustrasjonar. Heilt nederst kan du sjå korleis me gjekk fram for å laga skilta.

Sildastadskjeret (1)

Djup fjord og bratte fjell: Namnet Vaksdal tyder «V-dal» eller dalen ved vågen. Gardane Vaksdal og Jamne ligg på store lausmassar av sand og grus etter siste istid. Desse er veleigna til jordbruksland og byggjegrunn, og områda vart busette allereie i steinalderen. «Sildastadskjeret» heitte opphavlege «Sildlastaskjeret».

Vaksdal stasjon (2)

Ferdsel på sjø og land: Stasjonsområdet på Vaksdal vart raskt eit knutepunkt i bygda då Vossebana opna i 1883, og her var det både restaurant, hotell og kiosk. Før jernbana kom, var båt det viktigaste framkomstmiddelet for dei som skulle til og frå bygda.

Elevar ved Vaksdal skule fortel (etter samtale med Odd Hisdal): «Odd sa at jernbana var 135 år gammal. Det var tungt å bere materiale. Dei som bygde jernbana vart kalla rallarar. Det var mange som jobba. Det tok mange dagar å byggje. Dei måtte lage mange tunnelar. Det var eit hotell, og kiosk, og restaurant. Det vart ei 1. klassevogn og ei 2. klassevogn og ei 3. klassevogn. Odd var siste stasjonsmeister».

Mølleparken (3)

Reint mjøl i posen: Med Vaksdal Mølle kom ei ny tid til bygda. Området rundt mølla vart etablert med direktør-, funksjonær- og arbeidarbustader, og ein park vart tilrettelagt for dei tilsette. Her kunne dei hausta bær og frukt til matauke.

Elevar ved Vaksdal skule fortel (etter samtale med Sigmund Simmenes): «Kvernhuset vart bygd i år 1750. Det er to møllesteinar i kvernhuset. Den øverste steinen bevegar seg, men ikkje den nederste. Dei brukar me til å måla korn. Det er ein boks som mjølet renn ned i. Me må dytte mjølet til sida for å få plass til meir. I dag kjem kornet frå Tyskland, Frankrike, Danmark og Russland. Den første plassen møllehuset stod på var Toskedalen. Før måtte dei dyrka kornet sjølve. Det vert kalla sjølvberging. Det var ikkje så farleg om kornet var skittent. Sigmund var ofte og leikte (i huset) på veg heim frå skulen. Dei fekk kjeft då dei kom heim». 

«Sigmund sa at då han var liten, leika han i kvernhuset med Ingeborg, og dei fekk ikkje lov av mødrene, så då dei kom heim, blei mødrene («morene») kjempesure. Sigmund sa at det var ikkje så viktig om kornet var skittent. Kvernhuset blei laga i året 1750. Sigmund sa at det kom frå Toskedalen». 

«Sigmund sa at han var for sein heim. Sigmund sa at møllesteinen gjekk rundt. Møllesteinen måla kornet til mjøl. I gamle dagar dyrka folk i Norewg kornet sjølve. I dag kjøper me kornet frå utlandet: Danmark, Tyskland, Russland og Frankrike. Kvernhuset er meir enn 250 år gammalt. I gamle dagar var av og til kornet skitten». 

Trollsanipa (4)

Julereia og Trollsatrollet: Segna om Julereia og Trollsatrollet er av dei mest kjende lokale segnene.

Elevane ved Vaksdal skule gjenfortel og diktar nye segn: «Det var ein gong ein gubbe som strevde med å hakke og hakke i ei hole. Så blei han ferdig til slutt. Så kom det eit troll. Trollet øydelagde alt. Då blei gubben sur. Trollet spiste alt, drakk («drikte») alt, og så blei det sol, så ropte dei: Nei! Nei! Nei! No er alt din feil, sa dei begge to. Så blei hola kalla for Gubbehola».

«Det var ein svart katt som var på vei inni Gubbahola, og inni hola møtte katten Trollsatrollet, som gjorde han kvit, og så kom katten ut att i Oslo». 

«Det var ein gubbe som budde i Gubbaholo. Gubben reiv av håret til katten for å lage kle. Den andre katten som gjekk inn i hola vart skremt av trollet. Sånn vart han kvit». 

«Trollsatrollet og Brøkatrollet var uvennar. Trollsatrollet kasta stein. Men han kasta ikkje langt nok. Så alt datt i fjorden. Og sånn blei Ulvsnesøy til. Og etter at Trollsatrollet hadde kasta stein, kom sola. Brøkatrollet og Trollsatrollet fekk sol på seg, og blei til stein begge to». 

«Det var ein gong ein troll som vart kalla Gubbatrollet. Han vart kalla Gubbatrollet fordi han hadde likna på ein gammal gubbe heilt sidan han var ein liten baby, og alle veit jo at når sola kjem, blir troll til stein. Men Gubbatrollet hadde klart å finna seg ei hole som han kunne gøyma seg i når det var sol, og han vart terga og kalla Gubbatrollet, og det likte ikkje han. Så han lagde nokre sakser som begynte å klyppe når nokon prøvde å koma seg inn. Dei andre kunne ikkje koden for å kome seg inn utan å bli klypt. Men det kunne han. Ein dag gjekk det ein katt inn i hola, og han visste ikkje at det var farleg. Hola var så lang at han gjekk heilt til Samnanger, og då han kom ut igjen hadde han ingen pels. Og sidan Gubbatrollet budde der, blei hola kalla Gubbahola». 

«Det var ein gong ein katt som gjekk inn i Gubbahola, og eigaren leitte overalt, men eigaren fann katten på Filipinane. Men katten hadde ikkje pels. Og katten var redd: Kva var inni Gubbahola?»

«Det var ein katt som gjekk inn i Gubbahola. Trollet reiv av han pelsen, og då katten kom ut hadde han ikkje pels, og var ikkje lenger i Gubbahola, men i Samnanger». 

«Katten var glad då han gjekk inn i Gubbahola, og då han gjekk ut, var han sur». 

«Katten som mista pelsen: Det var ein katt som gjekk inn i Gubbahola, og han var svart. Så plutseleg skrapte steinane han fordi det var så trongt å koma seg inn i Gubbahola. Og han mista all pelsen. Og så sa Gubben at no skal eg ta deg! Så kasta Gubben han heilt opp i himmelen, og heikt opp til skyene. Han blei heilt kvit, Og han landa heilt til Kristiansand. Så det var slik han mista pelsen. Og no veit du korleis katten vart kvit, og». 

«Ein vinter var Trollsatrollet veldig sint på Brøkatrollet. Så han heiv steinar på Brøkatrollet. Men han greidde ikkje å hiva langt nok, så alt for ned på isen. Men så tenkte han: Visst eg skjer hol i isen, så hoppar dei flate steinane litt. Men så prøvde han då, men ikkje noko skjedde. Men då var det nok at Brøkatrollet vart lei av at Trollsatrollet heiv stein, så ropte han på sola. Og då kom sola opp. Og Trollsatrollet blei til stein, og sklei ned i fjorden og lagde Ulvsnesøy. Men Brøkatrollet hadde paraply». 

«Det var ein katt som gjekk inn i Gubbahola, og då han kom ut mista han all pelsen og enda opp i Samanger». 

«Det var ein gogn eit troll som fann ein bekk. Men han snubla i bekken. Og då han smakte på vatnet, syntes han ikkje at det smakte godt., Så fekk han ein ide. Han lagde eit serum som gjorde at vatnet smakte godt. Men etterkvart blei vatnet berre verre og verre, og visst nokon drakk av vatnet, blei ei eit troll».

«Trollsabekken: Ikkje glem, den smakte godt!»

Synsvollbakken (5)

Hasardiøse hopp: Periodevis var det hoppbakkar fleire stader i Sædalen, samt i Halvgjedalen og på første lia bak Vaksdal kyrkje. I Synsvollbakken var bakkerekorden 52 meter. Både menn og kvinner drista seg utfor hoppa.

Elevar ved Vaksdal skule fortel (etter samtale med Trygve Njaastad): «Trygve viste oss hoppbakken. Eg såg hoppbakken. Eg spiste masse godt på turen. Eg hadde ikkje turt å hoppa i bakken». 

Herfindalen (6)

Sauar og sanking: I 1801 budde det i alt 26 personar fordelt på fire gardsbruk i Herfindalen. I 1900 var talet stige til 46 personar, og heile 25 av desse var born.

Bogavatnet (7)

Krafta frå fjellet: Vassrettane som høyrde til Indre- og Ytre Boge vart skilde ut og kjøpte av Hans Peder Nilsen i 1891, og han grunnla Boge Mølle same året. Mølla kom i drift i 1895, men brann ned allereie i 1904. Mølla vart bygd opp att året etter, men brann på nytt ned i 1960.

Slikt gjorde me det:
Ei arbeidsgruppe med representantar frå Vaksdal IL og Vaksdal kommune utarbeidde forslag til tema og oppgåver. Vaksdal skule organiserte deretter elevgrupper på tvers av årstrinn, som henta inn og produserte informasjon knytt til dei ulike temaa. Elevane snakka med lokale ressurspersonar, var på ekskursjonar og arbeidde med tekstar og illustrative arbeid. Arbeidsgruppa bearbeidde materialet, kom fram til plassering av skilta og laga utkast etter eksisterande nasjonal turskiltmal. Forslaga vart presenterte på 17. mai for bygdefolket, samt montert på Vaksdal Senter og delt via sosiale medie, slik at me kunne motta innspel og gjera korrigeringar. Deretter vart endelege skilt sette i produksjon og monterte.

Tema: Landskap (skilt 1 «Sildastadskjeret»):

Introduksjon:
Namnet Vaksdal tyder «V-dal». Fjord og fjell har til alle tider påverka dagleglivet i bygda, og vore viktig for livskvaliteten, men landskapet vart forma lenge før dei første menneska slo seg ned på Vaksdal.

Oppgåver: 
a) Besøk Sildlastadskjæret. Lag ei skisse av landskapet du ser frå skjæret.
b) Finn ut kor mange meter som skil djupaste punkt i Sørfjorden til høgaste punkt i nærliggjande fjell. Visualiser høgdeskilnaden.
c) Registrer vegetasjon frå fjord til fjell, og lag ein illustrasjon som viser funna.
d) Finn ut kva tyding fjorden har hatt for folk på Vaksdal før og no. Lag ei forteljng om ein person som brukar fjorden. Dokumenter forteljinga med eller utan digitalte verktøy.

Resultat:
Kort(e) tekst(ar) og illustrasjonar til informasjonstavle om kulturminne på Vaksdal. Skulpturar og modellar som kan avfotograferast og slik bli motiv på tavlene. Videoar, illustrasjonar, fotografi og forteljingar som kan publiserast digitalt.

Aktuelle kompetansemål:
Naturfag: Planlegge og gjennomføre undersøkjingar i minst eit naturområde. Registrere observasjonar og systematisere resultata / Skildre kjenneteikn på nokre plante-, sopp- og dyreartar og ordne dei systematisk / Fortelje om korleis nokre plantar, sopp og dyr vert brukt i ulike tradisjonar, blant anna den samiske, og diskuter om bruken er bærekraftig
Norsk: Opptre i ulike roller gjennom drama-aktivitetar, opplesing og presentasjon / Presentere eit fagstoff tilpassa formål og mottakar, med eller utan digitale verktøy

Lærarressurar:
Grind – kunnskap om landskap

Tema: Transport (skilt 2: «Vaksdal Stasjon»)

Introduksjon:
Jarnbana gjennom Vaksdal er ein del av Vossebana, som opna i 1883, og Bergensbana, som stod ferdig i 1909.  Jarnbana på Vaksdal har vore viktig for bygdas eksistens og utvikling. Både stasjonsbygget og jarnbanetraseen er sentrale kulturhistoriske minne, som framleis er i dagleg bruk.

Oppgåver:
a) Besøk jarnbanestasjonen på Vaksdal, og lag teikningar av noko som høyrer til jarnbana.
b) Finn ut kva ein rallar er. Teikn ein eller fleire rallarar i arbeid.
c) Kontakt NSB og avtal ein kort togtur, til dømes til ein nabostasjon. Skriv eller teikn frå ei oppleving på turen.

Resultat:
Kort(e) tekst(ar) og illustrasjonar til informasjonstavle om kulturminne på Vaksdal. Skulpturar og modellar som kan avfotograferast og slik bli motiv på tavlene. Videoar, illustrasjonar, fotografi og forteljingar som kan publiserast digitalt.

Aktuelle kompetansemål:
Kunst og handverk: Utrykkje eigne opplevingar gjennom teikning

Lærarererssursar:
Rallarmuseet Finse

Tema: Næringliv (skilt 3 «Mølleparken»)

Innleiing:
Heilt sidan 1800-talet har det vore mølledrift i bygda Vaksdal. Det finst fleire spor i bygda etter mølledrifta.

Forslag til oppgåver: 
a) Besøk det gamle kvernhuset i Parken. Avtal slik at de kan koma inn og få demonstrert korleis kornet vart måla før i tida.
b) Lag ein modell av ei vassdriven kvern.
c) Lag teikningar av kvernhuset og mølla.
d) Besøk minnesmerket ved direktørbustaden i Parken (biletet). Teikn eller lag eigne minnesmerke for Gerdt Meyer.
e) Avtal eit besøk hjå Vaksdal Mølle for å sjå korleis kornet vert måla i dag.

Resultat:
Kort(e) tekst(ar) og illustrasjonar til informasjonstavle om kulturminne på Vaksdal. Skulpturar og modellar som kan avfotograferast og slik bli motiv på tavlene. Videoar, illustrasjonar, fotografi og forteljingar som kan publiserast digitalt.

Aktuelle kompetansemål:
Kroppsøving: Lage og bruke enkle kart til å orientere seg i nærområdet
Norsk: Arbeide kreativt med teikning og skriving i samband med lesing
Samfunnsfag: Kjenne att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke
Kunst og handverk: Teikne hus frå nærmiljøet rett framanfrå og rett frå sida /
Attkjenne kunst i skulens nærmiljø og bruke dette som utgangspunkt for eigne bilete og skulpturar

Lærarressursar:
Om Norgesmøllene 
Om Gerdt Meyer
Læreplanar
Kart
Kulturminne i Vaksdal

Tema: Myter og seng (skilt 4 «Trollsanipa»)

Introduksjon: 
Har du høyrt om Julereia som putta barn i ein sekk for å ete dei, og som var så stor og tung at ho laga skar i fjellet då ho skulle ta steget frå Trolsanipa til Jamnesåta? Har du våga deg inn i Gubbaholo, eller smakt vatn frå Trolsabekken? På Vaksdal finst det mange segn som er knytte til merkestader og spor i naturen.

Oppgåver:
a) Gå turen frå Vaksdal skule til Trollsanipa/Trollsabekken og/eller Gubbaholo. Visualiser inntrykk frå turen.
b) Finn informasjon om Julereia eller andre lokale segn og myter. Fortel vidare kva du har lært.
c) Skriv ditt eige segn eller eventyr om kvifor det er så bratte fjell på Vaksdal.
d) Lag Julereia i eigna materiale, gjerne materiale frå naturen.

Resultat:
Kort(e) tekst(ar) og illustrasjonar til informasjonstavle om kulturminne på Vaksdal. Skulpturar og modellar som kan avfotograferast og slik bli motiv på tavlene. Videoar, illustrasjonar, fotografi og forteljingar som kan publiserast digitalt.

Aktuelle kompetansemål: 
Norsk: Samtale om songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid /
Skrive enkle forteljande, skildrande og argumenterande tekstar / Lage tekstar som kombinerer ord, lyd, bilete, med og utan digitale verktøy
Kroppsøving: Samtale om reglar som gjeld for opphald i naturen, og kunne praktisere sporlaus ferdsel / Bruke kle, utstyr og enkle bruksreiskapar for å opphalde seg i naturen
Kunst og handverk: Bruk enkle, føremålstenlege handverktøy i arbeid med leire, tekstil, skinn og tre / Visualisere og formidle eigne inntrykk i ulike teknikkar og materiale

Ressurar:
Kart og skildring av turen Vaksdal kyrkje – Trolsanipa

Tema: Idrett (skilt 5 «Synsvollbakken»)

Introduksjon: 
Vaksdal Idrettslag vart skipa i 1925, under namnet Vaksdal Skiklubb. Vaksdal Skilag arrangerte både hopp- og kombinertrenn frå 1920-talet. Laget hadde fleire skihopparar på høgt nivå, som markerte seg både regionalt og nasjonalt. I tillegg til Synsvollbakken var det periodevis hoppbakkar fleire andre stader i Sedalen, på Lonastølen og i lia bak Vaksdal kyrkje. Vaksdal Idrettslag tok i bruk ny idrettsplass på Tveitane på Vaksdal laurdag 26. juni 1982. Laget har i dag tre undergrupper knytt til fotball, trim og tur, og idrettsparken er utvida med eiga tennisbane.

Oppgåver:
a) Besøk ein av plassane der det tidlegare var hoppbakke. Dokumenter restane etter bakken, eksempelvis sjølve hoppkanten.
b) Finn informasjon om skihoppmiljøet på Vaksdal. Skriv ein kort tekst om skihopping i gamle dagar.
c) Lag ein teikning eller ei skisse av ein skihoppar. Set namn på viktige kroppsdelar. Kva del av kroppen må ein trene mest for å hoppe langt?
d) Finn naturmateriale (stein, mose, tre) og bygg ein miniatyrhoppbakke. Test dei ulike bakkane med til dømes ein ball eller ei flaske. Kva bakke gjev lengst hopp?

Aktuelle kompetansemål: 
Norsk: Skrive enkle forteljande, skildrande og argumenterande tekstar / Bruke bibliotek og internett til å finne stoff til eiga skriving
Kroppsøving: Setje namn på kroppsdelar og rørslemåtar / Bruke ski og skøyter der det ligg til rette for det
Kunst og handverk: Samtale om gater, plassar og bygningar med ulike bruksfunksjonar i nærmiljøet

Resultat:
Kort(e) tekst(ar) og illustrasjonar til informasjonstavle om kulturminne på Vaksdal. Skulpturar og modellar som kan avfotograferast og slik bli motiv på tavlene. Videoar, illustrasjonar, fotografi og forteljingar som kan publiserast digitalt.

Lærarressursar:
Om hoppbakkane (s. 28-29)

Tema: Gardsdrift (skilt 6 «Herfindalen»)

Introduksjon:
Før kraftproduksjonen kom til bygda, var gardsdrift hovudnæringa. På 1800-talet var det ni gardar på Vaksdal: Vaksdal, Jamne, Sædalen, Herfindalen, Indre og Ytre Boge, Jamne, Langhelle og Skreien. I Herfindalen budde det i 1801 totalt 26 personar, som alle livnærte seg av jordbruk.

Oppgåver:
a) Besøk Herfindalen og finn spor etter gardsdrift i tidlegare tider (du kjem til fleire tufter ved å krysse brua på stien til Blåfjellet). Registrer og dokumenter det du finn.
b) Skildre kva som kjennetikna kvardagslivet i Herfindalen tidleg på 1900-talet.
c) Vel eit gardsbruk og visualiser dei som budde på bruket. Korleis var arbeidsoppgåvene fordelt mellom menn og kvinner?
d) Finn ut kva som var typiske gardsreiskapar, og visualiser korleis nokre av desse såg ut, gjerne tredimensjonalt.
e) Dikt opp ei forteljing om ein av personane du finn i folketeljinga (søk via Digitalarkivet, sjå under ressursar nederst på sida). Skriv ned eller spel inn forteljinga.
d) Lag ei digital forteljing frå Herfindalen.

Resultat:
Kort(e) tekst(ar) og illustrasjonar til informasjonstavle om kulturminne på Vaksdal. Skulpturar og modellar som kan avfotograferast og slik bli motiv på tavlene. Videoar, illustrasjonar, fotografi og forteljingar som kan publiserast digitalt.

Aktuelle kompetansmål:
Samfunnsfag: Skildre utviklinga i levekåra for kvinner og menn, og framveksten av likestillinga i Noreg / Finne og trekkje ut samfunnsfagleg informasjon ved søk i digitale kjelder / Forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis
Kunst og handverk: Fotografere og manipulere bilete digitalt og reflektere over bruk av motiv og utstnitt / Skildre særtrekk ved bygningar i nærmiljøet og samanlikne med nasjonale og internasjonale stilretningar
Kroppsøving: Vere med i ulike friluftsaktivitetar og praktisere trygg ferdesl under varierte vertilhøve

Ressursar:
Digitalarkivet (Hærfindal 1900)

Tema: Energi (skilt 7 «Bogavatnet»)

Introduksjon:
Krafta frå fjellet har vore eit viktig livsvilkår for bygda Vaksdal. Korleis vert elektrisitet produsert ved hjelp av vasskraft, kva kjenneteiknar slik kraft og kva føremonner og ulemper fører slik energiproduksjon med seg?

Oppgåver:
a) Planlegg og gjennomfør ein tur til Bogavatnet. Observer og dokumenter vasstand i sjølve vatnet og vassføring i utlaupet. Undersøk korleis demningen er konstruert med tanke på materiale og form.
b) Lag ein minidemning. Dokumenter eksperimentet. 
c) Bruk statistikk og finn ut kor mykje energi som vert produsert i Vaksdal. Kor stor del av samla energiproduksjon i Noreg føregår i Vaksdal? 
d) Teikn vatnets kretslaup i naturen med utgangspunt i Bogavatn. 
e) Lag ei skisse som viser korleis Bogavatnet blir til straum. 

Resultat:
Kort(e) tekst(ar) og illustrasjonar til informasjonstavle om kulturminne på Vaksdal. Skulpturar og modellar som kan avfotograferast og slik bli motiv på tavlene. Videoar, illustrasjonar, fotografi og forteljingar som kan publiserast digitalt. 

Kompetansemål:

Naturfag: Gjere greie for bruke av energikjelder før og no, og innhente informasjon og statistikk frå ulike kjelder for å skildre og diskutere mogelege konsekvensar av energibruken for miljøet lokalt og globalt / Bruke digitale hjelpemiddel til å registrere, bearbeide og publisere data frå eksperimentelt arbeid og feltarbeid
Samfunnsfag: Forklare samanhengar mellom naturressursar, næring, busetnad og levevis / Skildre korleis produksjon og forbruk kan øydeleggje økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfte korleis dette kan hindrast og reparerast

Lærarressursar:
Vasskrafta
Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE)
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Create a website or blog at WordPress.com