Vaksdal IL har avtale med Vaksdal kommune om sporadisk bruk av samfunnsalen til «open gymsal». «Open gymsal» kan arrangerast når det ikkje er annan aktivitet i salen. Aktiviteten skal vera eit supplement til anna tilbod frå idrettslaget og tilbod frå andre organisasjonar i bygda.
Slik gjer du om du ønskjer å ta initiativ til open gymsal for ei bestemt aldersgruppe:
- Sjekk om salen i utgangspunktet er ledig. Faste treningstider finn du her.
- Send melding til Vaksdal IL og meld frå om dag, klokkeslett og aldersgruppe, eller send melding direkte til Vaksdal kommune: toni.sondergaard@vaksdal.kommune.no
- Tilbodet skal annonserast på Vaksdal ILs FaceBook-gruppe.
Forslag til tekst: Dag/dato/klokkeslett vert det «open gymsal» for xxx. klasse. Med «open gymsal» er det lagt opp til at ungane/ungdommane får disponera Vaksdal samfunnssal i det aktuelle tidsrommet med den aktiviteten dei sjølve legg opp til (så lenge aktiviteten er inkluderande og av ein slik karakter at alle kan trivast). Me vil vera vaksne til stades. Bak tilbodet står Vaksdal IL i dialog med Vaksdal kommune. Vel møtt!
Tilbodet skal vera ope for alle i den aktuelle aldersgruppa. Det skal vera minimum ein vaksen medlem av Vaksdal IL til stades under arrangementet, men me tilrår to. Erfaringsmessig er 1-1,5 timar passeleg lengde.
Nøkkel kan hentast ut på Vaksdal Coop Marked. Hugs å levera han tilbake!
Du kan også melda inn «Open gymsal» i skjemaet under, så vil idrettslaget klarera med Vaksdal kommune at salen er ledig og annonsera tilbodet på FaceBook:
Eg ønskjer å arrangera «open gymsal»: