Kulturminnesti
I gangavstand frå Vaksdal sentrum er det plassert ut sju kulturminnesti-skilt med lokal historie og vakre illustrasjonar laga av elevar ved Vaksdal skule. Eit oversiktsskilt står i senterparken. Les meir om kulturminnestien her.

Postkassar med turbøker
Idrettslaget legg også til rette for flotte turar i Vaksdalsfjella ved å setja ut seks postkassar med bøker som du kan skriva deg i. Etter haustferien vert kassane tatt inn og me trekkjer vinnarar som får kvar sitt gåvekort i sportsbutikk. Under finn du informasjon om kvar postkassane står:

TJØDNHAUGSVEGEN (Idlestien) – Tjødnhaugsvegen ved utsiktspunkt over Sædalen.
Stien startar ca 30 m forbi staden der rørgata passerer over Sædalsvegen. Stien er lett å finne og følgje. I starten er det noko stigning, men etter 10 min flatar den meir ut innover lia. Utsiktspunktet over Sædalen er ein fin stad å kvile / raste. Turen eignar seg for alle og ein familie vil bruke omlag ein halv time til postkassen.

HERFINDALEN – ved parkeringsplassen
Her kan ein registrere seg enten ein har gått Herfindalsvegen frå Vaksdal eller ein kjører bil til Herfindalen som utgangspunkt for tur vidare innover dette flotte turområdet. Ein tur langsmed elva, fiske/grille/bade, eller ein tur lengre oppover, gir gode uteopplevingar. Og god grunn til å registrere seg i boka.
Vidare kan det vera interessant for idrettslaget å få ein dokumentasjon på kor mange brukarar det er av Herfindalsvegen med tanke på både vern av naturen og vedlikehald av bygdas viktigaste og mest nytta trim/aktivitetsveg.

BOGAVATNET – på rasteplassen
Dette er den mest krevande av dei korte turane. Ein kan parkere langs bogavegen og gå opp steintrapp ved Nordmark / Steinsbø / Danielsen m.fl. I starten går du på anleggsveg, som er godt synleg i lia, frå Arnfred Bruvik sitt hus. Ein kan følgje anleggsvegen heilt til Bogavatnet. Siste bakken opp, Monsterbakken, er krevande. Dersom ein ønskjer å unngå denne, er det merka 2 stader der ein kan gå over på gamlestien. Særleg siste delen av gamlestien er ei fin oppleving. Her er det i eldre tider mura trapper og laga flott til. Postkassen står på rasteplassen (2 fine bord/benkar) rett nedom demningen. Dersom du har vald Monsterbakken opp, kan du med fordel velga gamlestien nedatt. Då går du over brua like ved rasteplassen og vidare ned lia i noko venlegare terreng.

BLÅFJELLET – ved 4-ar varden
Postkassen står på Blåfjellet med fin utsikt over Krosstjødnane og Svartavatnet. Dei 2 enklaste rutene for å nå denne postkassen er:
1. Frå Herfindalen og opp Stølsbrotet, sti til høgre rett før parkeringsplassen i Herfindalen. Når du kjem opp til første hytta på Blåfjellet, kan/må du ta til høgre eller venstre. Til høgre går det sti ca 100m før du når hytta. Stien er noko utydeleg, men merka med stein. Då går du til høgre for Krosstjødnane og må forbi desse før du svingar deg opp i 4-varden. Den ligg på ein haug og pila er godt synleg på lang avstand. Varden har 4 hol i pila, derav namnet. Dersom du kjem til ein varde med 6 hol i pila er det berre å følgje pila mot den med 5 hol osv. Dersom du tek til venstre for første hytta, passerer du Krosstjødnane på venstre sida. Då blir vegen til 4-varden litt kortare. Turen tek omlag 2 timar opp til postkassen med roleg gange.
2. Frå Bogavatnet kan du følgje 2 ruter opp til 4-ar varden. Du føl stien på høgre side av Bogavatnet. Ved første hytta deler stien seg i 2. Begge vegar kan følgjast, men den til høgre er snarast. Då fortset du m.a opp Hålo og opp til ei raud hytte i himmelsynet. Rett forbi denne møter du retningspilane og føl desse. Pilane er markerte med hol og du tel deg ned til den med 4 stk. Der heng kassen. Dersom du vel stien til venstre ved første hytta, endar du opp ved Krosstjødnane. Du skal til høgre for desse, til ein tydeleg haug der du ser ei retningspil. Frå Bogavatnet tek det ein god time med roleg gange til du kan registrera deg.

DYRDALSSKARET – ved oppstigninga til Gløvre
Dei 2 enklaste rutene for å nå denne postkassa er:
1. Du kan følgje Tjødnhaugsvegen vidare frå postkassen i Idlestien og opp på Tjødnhaugen. Der går du opp til den øverste hytta i rekkja og føl godt merka sti inn til postkassen. Stien er merka av stenger, små steinvardar og raude markeringar på stein og fjell, og er grei å følgje. Postkassen finn du i første motbakken opp mot Gløvre ved ruinen av ei utløe. Området er fint og ein kan både bade og fiske i Skaratjødna eller Fuglatjødna. Turen inn til postkassen tek ca 2 timar i roleg tempo.
2. Du kan gå opp frå Flordalen til Jamnesåta og deretter gå over Grånipa og inn til Dyrdalsskaret. Denne turen er litt lengre enn alt. 1.

VARATJØDNANE – i turlagsstien ved lita bru blant Varatjødnane
Dette er nok den mest familievenlege turen av langturane våre. Turen går frå Herfindalen i lett stigande terreng. Ein føl Bergen Turlag sin merka sti mot Høgabu heilt fram til postkassen. I Budalen er det fint å ta pause og evt bade i hølen ved brua. Postkassen står ved lita bru inne blant Varatjødnane (i turlagsstien). Dette er eit flott område for familiar der ein kan bade og fiske (vrimlar med småfisk), eller ta ein spanande tur gjennom ein ca 50 m lang tunnel som leier vatnet frå tjødnane over i Flatavatnet. Då må ein finne tunnelen som er omlag 2 m høg, og har ein sjøstøvlar kjem ein seg tørrbeint igjennom, men joggesko tørkar bra fort i sola. Berrføtt er ikkje anbefalt då heimvegen kan bli lang dersom ein får rifter/sår på føtene.  Turen tek omlag 2 timar med roleg gange.

Fleire lokale turar er også publiserte på UT.no

Create a website or blog at WordPress.com