Sparebanken Vest-cup

Laurdag 6. september inviterer Vaksdal IL til Sparebanken Vest-cup. 

Kampoppsett og kontaktskjema med oversyn over lag og kontaktpersonar finn de nederst på sida.

Me ynskjer alle vel møtt til cup. Me tar sikte på mykje moro, idrettsglede og flott ver. Ta med spelarane dykkar, mykje godt humør og kom. Cupen er som vanleg småbanecup med 5-ar fotball. Men etter 5-ar cupen vil ein halde fram med ein eigen 7-ar cup for klassen Gutar 13 år. Vermeldingane ser veldig bra ut, og me håper dette heldt seg slik 🙂 Sjå link:
http://www.yr.no/sted/Norge/Hordaland/Vaksdal/Vaksdal~93153/langtidsvarsel.html
Det er litt dårleg med parkering rett ved Idrettsplassen, så det kan vere greit å rekne litt god tid. Det vil vere rydda parkering på nedsida av anlegget.
Kampoppsett Sparebanken Vest Cup
Kontaktskjema – påmeldte lag

Create a website or blog at WordPress.com