Hytter Eidfjord småbanecup

Då er fordelinga av hytter i samband med Eidfjord småbanecup gjennomført. Alle som har meldt inn ynskje om hytte innan fristen har fått tildelt hytte. På bakgrunn av erfaring frå tidlegare år, og talet på reserverte hytter, var det usikkert kor vidt me hadde mange nok. Det viser seg heldigvis at me hadde nok. Sjølv om alle har fått tildelt hytte/leilighet, så har ikkje alle fått akkurat den hyttetypen som var ynskt. Særleg var det mangel på dei største hyttene, med 8 sengeplassar. Me håpar at dei som har ynskt desse, men fått tildelt medium-hytter med sju sengeplassar gjer det beste ut av det (oppblåsbare madrasser, liggeunderlag, samanleggbare senger mv er mogleg å ta med og gjere nytte av, dersom det er behov for det).

Prisen på hytta vert fordelt likt på dei som deler hytte, og det vert sendt faktura for betaling til dei einskilde. Me gjer særskilt merksam på at hyttene må vere betalt innan fristen. Hytter som ikkje vert betalt innan fristen vert avbestilt.

Create a website or blog at WordPress.com