Eidfjord småbanecup – påmelding og hytter

Eidfjordcup blir i år arrangert 20.-22. juni. Meir info: www.smaabanecup.no

Vaksdal idrettslag vil delta med desse laga i cupen.

  • J2001-2003: Trenarar: Johnny Falkanger / Magne Verpelstad. Lagleiar: Dagfinn Trohjell
  • G2002: Trenarar: Gisle Bjørsvik / Eddie Søvik
  • G2004: Trenar: Per Solhaug. Lagleiar Linda Lien
  • J2004-2005: Trenarar: Trude Litangen – Maren Torkildsen
  • G2005 : Trenar: Jørgen Rohde. Lagleiar Linda Lien
  • G2006: Trenarar: Elin Boge/Anette Tveito

Me vonar at mange av spelarane har lyst til å vere med. Deltaking kostar 250 kroner pr spelar. Sidan Idrettslaget dekkjer avgifta, må me ha bindande påmelding.
Spelarane melder seg på til cupen hjå trenar/lagleiar innan 25. mars. Meld inn navn og fødselsdato. Dersom nokon ikkje skal takast bilde av under cupen må dette opplysast.

Me har tinga hytter på Hardangertun camping og Kinsarvik camping. Begge campingplassane ligg i Kinsarvik, 25 min køyring frå Eidfjord.

  • Hytte 7 sengeplassar. Kr 3 450 fredag – søndag (Hardangertun)
  • Hytte 8 sengeplassar. Kr 3 490 fredag – søndag (Hardangertun)
  • Leilighet 6 sengeplassar. Kr 3 690 fredag – søndag  (Hardangertun)
  • Hytte Kinsarvik camping 6 sengeplassar. Kr 2 990 fredag – søndag (Kinsarvik)

Hyttene er godt eigna til å dele med andre, då dei er romslege og har separate soverom. For meir info om campingplassane, sjå www.hardangertun.no og www.kinsarvikcamping.no.

Me ber om tilbakemelding innan 25. mars for å tinga hytter gjennom Idrettslaget.  Ver venleg å melde frå kor mange personar som kjem frå Dykkar familie og kven som skal dele hytte. Me har diverre kun eit avgrensa tal på hytter. Dersom me ikkje har nok, vil me fordele etter loddtrekning blant dei som har meldt seg på innan fristen.
Påmelding til Magne Verpelstad: memihamv@online.no Vel møtt både store og små til ei knallkjekk fotballhelg i Eidfjord.

Create a website or blog at WordPress.com