Tur til Bogavatnet søndag 29. september kl 12 – 13

Vaksdal Idrettslag inviterer til felles tur til Bogevatnet, søndag 29. september.

Start/registrering på Boge frå kl. 12 – 13. Det er hengt opp postar (oppgåver) langs vegen. Ved Bogevatnet vert det høve til å kjøpa grillmat og drikke.

Startkontingent: Born kr. 10,- / vaksne kr. 20,- / familie kr. 50,-

Fine gevinstar vert trekt på startnummer. Det vert også høve til å teikne seg i boka for turregistrering som idrettslaget har lagt ut der. Dei registrerte her er med i trekkinga av 2 stk. gåvekort frå G-Sport på kr. 1000,-. Denne trekkinga skjer etter haustferien.

Me vonar mange tek turen til Bogevatnet denne søndagen. NB: Turen blir utsett dersom det kjem regn! Vel møtt!