Klubbdommarkurs

Vaksdal IL, fotballgruppa, arrangerer klubbdommarkurs onsdag 21. august, kl 18.00. Kurshaldar/instruktør frå Hordaland fotballkrets: Arne Nessestrand. Me kjem tilbake med informasjon om kurslokale når me veit kor mange påmeldte det vert. Kurset er for interesserte i Vaksdal IL, Stanghelle IL og Dale IL.

Målgruppa er personar som vil dømme 5-ar og 7-ar kampar i barnefotballen. Klubbdommarkurs er fyrste trinn i dommarutdanning og dei som gjennomfører kurset vil vere kvalifisert til å dømme 5-ar og 7-ar kampar, primært i barnefotballen. Det er lagt til grunn at ein klubbdommar bør ha fylt 13 år. Kurset er såleis for personar fødd i 2000 og tidlegare.

Sjå for øvrig kort info: www.fotball.no

Påmelding vert å sende til: Magne Verpelstad på e-post memihamv@online.no eller på sms til 417 60 820 innan 7. august.

Create a website or blog at WordPress.com