Tennisbana klar for sesongen

Tennisbana er no preparert med ny raud grus, og nettet er satt opp. Med andre ord er bana klar til bruk.
Ta med eigne racketar og ballar. For å reservere bana må du logga deg inn på mail.google.com

Brukarnamn: viltennis
Passord: viltennis012

Gå deretter på kalender. Vel «opprett» for å reservera tidspunkt. Du kan reservera bana i opptil to timar om gongen. Nøkkel hentar du på Vaksdal Best (bensinstasjonen).
For medlemmer i Vaksdal IL er lån av bana gratis. Etter bruk er det viktig å klargjera bana til neste brukarar: Hugs å dra over grusdekket med den store kosten (heng ved inngangen til bana).

Spørsmål? Kontakt Per Solhaug:  mobil 974 06 775