Fin innsats på lokalcup

Laurdag 25. mai deltok fleire lag frå Vaksdal IL på lokalcup på Stanghelle. Det vart scora mange mål og vist gode prestasjonar over heile bana. For Vaksdal G2006 vart det første gong i Vaksdals-drakt, og laget viste fin innsats, med siger i første kamp og stor speleglede. Kvart lag spelte to kampar på 2×12 minutt. F.v. Vaksdal G2006 og Vaksdal G2005 i aksjon.

IMG_0618 IMG_0636