Stor stemning og speleglede då mange vaksdalslag deltok i Eidfjord småbanecup siste helga i juni.
Arrangøren ønskjer tilbakemeldingar frå deltakarane for å kunna utvikla cupen vidare:
E-post: eidfjord smaabanecup.no
Dei beklagar også at dei som spelte i Simadalen tidleg laurdag morgon måtte spele på altfor høgt gras. Neste år vil banene i Simadalen vera klipt allereie frå fredag kveld. Maskina som Statkraft hadde bestilt, vart forsinka slik at den ikke kom til årets cup.
Attgløymde ting
Sjå liste over attgløymde klær/ting. Ta kontakt med arrangøren dersom nokre av tinga er dykkars.
Eidfjord småbanecup vert neste år arrangert helga 20. – 22. juni 2014.