

Scroll down for English
Tren styrke og kondisjon saman med oss!
Vaksdal IL tilbyr styrke- og kondisjonstrening fleire gongar i veka i samfunnssalen (som du finn i Vaksdal Senter). Treninga passar for både unge, vaksne og eldre. Du kan sjølv regulere intensiteten ved å tilpasse tyngda på vektene, eller berre bruke kroppsvekt. Du kan også trene med oss om du har ei funksjonsnedsetjing, og du kan sjå på treninga som eit fellesskap der du gjennomfører ditt eige program.
Helsevesenet tilrår at vaksne trener for å styrke dei store muskelgruppene minst to dagar i veka.
Når trener me?
Sjå treningstider. Merk at tidene kan variere noko frå veke til veke. Me tilrår derfor at du vert med i Facebook-gruppa Diverse trening i Vaksdal samfunnssal, der me legg ut oppdaterte treningstider kvar søndag. Ta gjerne kontakt med Linda Lien på tlf. 980 333 12 om du treng meir info eller ikkje har Facebook-konto.
Kan alle delta?
Me har fått støtte frå Gjensidigestiftelsen for å gjere treninga tilgjengeleg for fleire, og har stort utval av utstyr.
Ikke medlem i Vaksdal IL? Du kan likevel prøve og sjå om treninga passar for deg. Vaksdal IL har rimelege medlems- og treningsavgifter, og økonomiske støtteordningar for dei som treng det.
Velkommen!

Train strength and fitness together with us!
Vaksdal IL offers training several times a week in the Community Centre (Vaksdal samfunnssal). You can adjust the intensity by selecting different weights or just using your body weight. And you can follow the planned workout program or do your own program. The training is suitable for people of all ages and people with disabilities.
Norwegian health authorities recommend that adults train the large muscle groups at least twice a week.
When do we train?
See the training schedule. Note that times may vary slightly from week to week. Therefore we recommend that you join the Facebook group Diverse trening i Vaksdal samfunssal, where we post updated training times every Sunday. Feel free to contact Linda Lien on 980 333 12 if you need more info or don’t have a Facebook account.
Can everyone join?
We have received financial support from Gjensidigestiftelsen to make the traning widely available, and we have a good selection of equipment.
Not a member of Vaksdal IL? You can still try out the training a couple of times and see how you like it. Vaksdal IL has reasonably priced member and training fees and financial support for those who need it.
Welcome!