Styret i Vaksdal IL vedtok hausten 2017 at det skulle utviklast ny visuell identitet for laget. Hovudstyret har vore styringsgruppe for prosjektet. Les meir om prosessen ved å utvida teksten nedanfor.

Om prosessen

Det vart sett ned ei arbeidsgruppe med leiarane for dei tre undergruppene, og medlemmene og andre har vore involvert i arbeidet. Ny visuell identitet vart vedteken av styret 14. mars 2018.

Oppsummert skildring av laget i fortid, notid og framtid

Vaksdal Idrettslag har sidan etableringa i 1925 fostra dristige idrettsutøvarar av begge kjønn, som har utfordra både seg sjølve, kvarandre og naturen. Medlemmene har i fellesskap bygd hoppbakkar, slalåmløyper og idrettsanlegg, og ikkje venta på at andre skal tilretteleggja for aktivitet. Laget har vore sjølvstendig, initiativrikt og handlekraftig.

Vaksdal Idrettslag har opp gjennom tidene lete ressursane, kunnskapen og behova til bygdefolket bestemma kva aktivitetar ein tilbyr. Fleksibilitet og fridom har vore viktige stikkord.

Vaksdal Idrettslag baserer all drift på felles vedtatte verdiar for norsk idrett: Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd, og den idrettslege aktiviteten skal byggje på grunnverdiane idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.

Visjonen vår er at idrett er og skal vera for alle. Me ser det som eit felles ansvar å skapa aktivitet som er open og tilgjengeleg for alle, og baserer oss på at kvar og ein bidreg med det ein har og det ein kan.

Føringar for den visuelle identiteten

Den visuelle identiteten skal synleggjera at me er eit fellesskap der staden Vaksdal og gleda over å vera fysisk aktive knyter oss saman. Det er eit mål at både små og store, unge og gamle skal få eit eigarskap til den visuell identiteten, at dei skal vera stolte over å bruka han og vera med på å prega korleis han utviklar seg vidare. Det er viktig at den visuell identiteten har eit sportsleg preg, samtidig som han er lokalt forankra og så open og romsleg at framtidig aktivitet enkelt kan inkluderast.


Emblemet til Vaksdal Idrettslag:

Emblem

Emblemet tek utgangspunkt i initialane VIL, som også kan tyda å ville*. Vilje til å skapa aktivitetar og vilje til å bidra og delta har prega Vaksdal idrettslag sidan starten i 1925. Formene i symbolet er enkle, og legg opp til at medlemme sjølve skal kunne laga eigne variantar i tre, stål eller andre materialar. Skråstillinga representerer fart, og dei fem ulike delane mangfald i eit fellesskap. Formene kan også gje assosiasjonar til fjellknausar (siste firkanten er lett inspirert av hoppbakken i Sædalen).

* «Ville» har opphav i det norrøne «vilja», synonymt med «sjølvstendig».

Eksempler på bruk:

caps_raud_ii_bes.jpg
VIL_visuell_identitet_180310_Side_21.jpg
VIL_visuell_identitet_180310_Side_25.jpg

Les meir om prosessen og sjå skisser HER (pdf)

Last ned filer:

Dersom du har behov for digital eps-fil av logoen (raud, svart, kvit), send ein e-post til: post@vaksdalil.no

Emblem (jpeg):

VIL_emblem_raud
VIL_emblem_raud

Emblem (png):

Brevmal:
Brevmal (word)

Presentasjon:
Presentasjonsmal (Powerpoint)

Create a website or blog at WordPress.com