Retningslinjer barneidrett

Felles retningslinjer for barneidrett i Vaksdal IL, vedtatt av årsmøtet 12. februar 2015:

Visjon: IDRETT FOR ALLE!

Vaksdal IL skal arbeide for at alle menneske får høve til å drive idrett i tråd med ønskje og behovVaksdal IL vil byggje idrettsleg aktivitet på grunnverdiane idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.

 Trenarrolla

  • Trenar skal aktiv søkje å tileigne seg trenarkompetanse gjennom kurs o.l.
  • Trenar skal vise gode haldningar og vere førebilde for utøvarane
  • Trenar skal setje seg inn i kva reglar som gjeld for utstyr og konkurranse
  • Trenar skal førebu aktivitetar tilpassa utøvarane sin alder og dugleik
  • Trenar skal streve for at alle utøvarar får delta like mykje i aktivitetar i løpet av ein sesong
  • Trenar har høve til å gje utøvar «time-out» ved åtferd som uroar eller sjikanerer
  • Trenar skal møte på felles trenarmøte
  • Trenar skal involvere hovudstyret før dei går inn i samarbeid med andre lag og klubbar

Utøvarrolla

  • Utøvar skal vise respekt for andre og medverke til eit positivt treningsmiljø
  • Utøvar skal streva etter å møta og delta aktivt på planlagde aktivitetar
  • Alle utøvarar kan forventa tilnærma lik deltaking i løpet av ein sesong

Foreldrerolla

  • Foreldre skal oppmuntre og stimulere utøvarar til å delta på trening og i konkurranse
  • Foreldre skal oppmuntre utøvarar i medgang og motgang
  • Foreldre skal sjå til at utøvar har rett utstyr, og at det er i god stand
  • Foreldre skal respektere trenarane sin autoritet både på trening og i konkurranse
  • Foreldre skal vere tilstade på kamp og trening dersom trenar/lagleiar meiner det er naudsynt
  • Foreldre skal ta del i køyring og annan aktivitet kring konkurranseavvikling

Lagleiarrolla

  • Lagleiar skal vere bindeledd mellom foreldre, utøvarar og trenarar og sørgje for at informasjon vert tilstrekkeleg formidla
  • Lagleiar skal sørgje for at foreldremøte vert gjennomført
  • Lagleiar skal saman med trenar avklara korleis oppgåvene skal fordelast mellom dei

Klubbrolla

  • Klubben skal ha tilbod om trenar og dommarkurs, og oppmoda om å delta på desse
  • Klubben er ansvarleg for at naudsynt lagutstyr er på plass
  • Klubben fordeler eigna treningstider og –stader til gruppene
  • Klubben er ansvarleg for trenarar og lagleiarar
  • Klubben er ansvarleg for at retningslinjer vert kommunisert