Polititattest

Krav om politiattest i Vaksdal Idrettslag
Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) har vedtatt at heile norsk idrett skal kreve politiattest som ledd i forebygging av seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad omfattar et tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

I Vaksdal idrettslag blir ordninga håndtert på følgande måte:
Ansvarleg person oppnevnt av hovudstyret er Elin A. Boge, telefon: 934 20 880, vara er Jeanette Skage, telefon: 958 19 910. Begge representantar har taushetsplikt overfor uvedkommande i forhold til dei opplysningar dei får kjennskap til.

Politiattesten inneheld kun opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt, eller tidlegare har vore ilagt førelegg/dømd for brudd på bestemmelsar i straffelova om seksualforbrytelsar overfor barn. Idrettslaget har ikkje anledning til å be personen å innhente politiattest for andre straffbare forhold. Innhenting av politiattest er gratis og skal skje elektronisk.

Innhenting på en-to-tre:

1: Logg inn på søknad politiattest. med MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Dette bekreftar kven du er, og du skal difor ikkje legge ved kopi av legitimasjon.

2: Val av kategori og føremål. Velg «Frivillige organisasjoner» frå nedtrekksliste i både kategori og føremål.

3: Legg ved bekreftelse på føremål. Her er Bekreftelse formål som du skal lagra på din pc og lasta opp elektronisk som vedlegg til søknaden.

Personer som ikkje har vist politiattest uten merknad, kan ikkje settast til oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Link til søknadsskjema politiattest.