Bli medlem

Velkommen som medlem i Vaksdal Idrettslag. Som medlem får du tilgang til anlegga og ei rekkje aktivitetar. Det er viktig at alle som deltek i aktivitetar vert registrert som medlemmar og betalar kontingent, mellom anna på grunn av forsikring. Laget får også stønad etter antal medlemmer og dette kjem lokalsamfunnet til gode gjennom auka aktivitetstilbod.

Vaksdal ILs medlemskontingenter og treningsavgifter er rimelege samanlikna med mange andre klubbar. Dei som deltek i aktivitetar i regi av Vaksdal IL, men som er medlemmer i andre klubbar, betaler B-medlemskap og treningsavgift. Dette er viktig mellom anna på grunn av forsikring. Dei som er fleire medlemmer i ein husstand, bør vurdera om familiemedlemskap kan vera det rette. Familiemedlemskap gjeld for to vaksne og uavgrensa tal barn inntil fylte 19 år.

Medlemsfordelar:
  • Som medlem har du rett til å delta i alle aktivitetar organisert gjennom idrettslaget.
  • Alle betalande medlemmer er forsikra i samband med skade knytt til aktivitet i regi av Vaksdal IL
  • Medlemmer får rabatt (10 prosent på ordinære varer og 20 prosent på klubbkolleksjonen) på kjøp hjå G-Sport. Kontakt trenar eller aktivitetsansvarleg for å få utdelt rabattkort, eller send e-post til: <post@vaksdalil.no>
  • For dei som driv lagidrett finansierer idrettslaget felles utstyr og fulle draktsett, samt betaler påmeldingsavgifter for serie og ulike cupar.

Kontingentar:
Barn*: 150,-
Vaksen: 250,-
Familie**: 500,- 
B-medlemskap, barn: 50,-
B-medlemskap, vaksen: 100,-
Støttemedlemskap: 150,-
Treningsavgift fotball barn*: 300,-
Treningsavgift fotball vaksne: 500,-
Treningsavgift trim vaksne: 500,- pr. halvår. 

* Medlemmer betaler barneavgifter til og og med det året dei fyller 15 år.
** Inntil to vaksne, samt barn til og med det året dei fyller 19 år.

Meld deg inn: