Retningslinjer kafédrift

Det er foreldra / føresette til spelarane som på skift har ansvar for kafédrift under kampar. 

Vaktliste våren 2017:

Veke 16: A-laget 

Veke 17: J 10

Veke 18: G 11

Veke 19: J 17

Veke 20: G 16

Veke 21: G 10

Veke 22: J 9

Veke 23: J 13

Veke 24: G 09

Veke 25: G 12

Kafedrifta inkluderer følgjande oppgåver:

Før/under kamp: 

  • Trakt kaffi og lag klar saft.
  • Sjekk at det er brus i kjøleskapet, fyll eventuelt på. Påfyll kan hentast på lagerrom i klubbhuset. Trenar har nøkkel.
  • Hent eventuelt is frå fryseboks på lagerrom.
  • Set fram chips og syltetøy.
  • Lag vaffelrøre og steikje vafler. Bruk smør, ikkje steikefett.
  • Sel mykje!

Etter kamp: 

  • Vask opp.
  • Skyll termokanner og kaffikanner.
  • Reingjer vaffeljern.
  • Tørk av diskar.
  • Ta ut bosset, hugs å setja i nye bossposar. Tøm bosskorger ved fotballbana.
  • Tel opp kasse, før på skjema for kiosksal og legg oppgjeret i pengepose. Lat det vera kr 300 att i kasse til vekslepengar.
  • Dommarar kan eventuelt betalast kontant med kr 150. Hugs å føre dette opp.