Løping

Kvar laurdag kl 11.00 er det open intervalltrening på Vaksdal Idrettsplass. Det er berre til å møta opp. Treninga eignar seg for alle frå rundt 12 år og oppover, uavhengig av form og ambisjonar. Det er felles oppvarming, og deretter gjennomfører ein ulike intervalløkter i eige tempo. Opplegg for kvar økt vert publisert på førehand på Vaksdal ILs FaceBook. Det kan vera lurt å ha med drikkeflaske og gjerne stoppeklokke. Ansvarleg: Inge Magnar Skjerven Hauståker.